Johannes Kleppa byrjar på toppen når han skal riva det gamle bedehuset.
Odd Mehus
Her går predikanten Johannes Kleppa laus på bedehuset med slegge
I snart 50 år har han arbeidd og ivra for livet på kvitmåla gudshus. Denne hausten jamnar Johannes Kleppa eit bedehus med jorda.
Ein velbrukt aluminiumsstige blir sett opp etter veggen. Johannes Kleppa slenger ein oransje hjelm på hovudet og grip hardt om skaftet på ei slegge.
Oppe på taket løfter han slegga og slår av full kraft mot skorsteinen. Snart er han innhylla i støv frå knuste mursteinar. Store og små bitar av pipa kjem deisande nedetter taket og og set merke i bakken når dei landar.
Ryfylke-bergensaren kan trygt kallast inkarnasjonen av Bedehus-Noreg. Heile sitt yrkesaktive liv har han brukt i kampen for ein lågkyrkjeleg vekkingskristendom.