Ingrid Bijleveld frå Eindhoven i Nederland kjempar for å få dødshjelp. Fastlegen har sagt nei. For Ingrid har ingen dødeleg sjukdom.
Ho har to søner i barneskulealder, ein omsorgsfull eksmann ho samarbeider godt saman med, god utdanning og solid økonomi.
Men det hjelper ikkje, og no har ho sett i verk plan B.