ENGASJEMENTSTILLING: Bjørn Bjørnø er einaste kandidat til generalsekretærstillinga i Det Norske Baptistsamfunn og er no mellombels tilsett inntil han kan veljast inn av landsmøtet i månadsskiftet oktober-november. Foto: Roger Dahl, Det Norske Baptistsamfunn
Har tilsett generalsekretærkandidat mellombels
På grunn av korona-utsatt landsmøte kan ikkje Det Norske Baptistsamfunn velja ny generalsekretær enno. Derfor har dei tilsett kandidaten mellombels.
Det Norske Baptistsamfunn skulle eigentleg hatt landsmøte 5.-7. juni og allereie i byrjinga av februar var Bjørn Bjørnø innstilt som einaste kandidat til generalsekretærstillinga. Men sidan korona-pandemien førte til flytting av landsmøtet, gjeld det òg val av generalsekretær då det er landsmøtet som vel denne. Det utsette landsmøtet finn stad 30. oktober – 1. november.
No melder Baptistsamfunnet på nettsidene sine at dei har valt å tilsetja generalsekretærkandidat Bjørnø i ei engasjementsstilling frå august til oktober. Han vil ifølgje dei bruka tida fram til landsmøtet til å bli betre kjent med baptistane.
– Vi trur det vil vera ein god måte å komma inn i kyrkjesamfunnet han etterkvart skal leia. Bjørn Bjørnø vil besøka ei rekke av forsamlingane våre og også møta regionale fellesskap i perioden fram til landsmøtet. Det betyr at mange vil bli kjent med han som forkynnar og leiar, skriv kommunikasjonsleiar Roger Dahl på baptist.no.