❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Handlingslamma på handlesenter

«Unngå at laurdag blir ein blåmåndag», skriv Dagen-journalist Tore Hjalmar Sævik om handledagen Black Friday.

Publisert Sist oppdatert

Som sunnmøring gir dette meg tvitydige assosiasjonar. På min dialekt er det å «vere svart» det same som å vere svært forsiktig med pengane, bortimot gjerrig og grådig på ein gong. Akkurat dette er ei vanleg skulding mot sunnmøringar. Ein gammal vits seier at Monolitten i Vigelandsparken viser ein busslast frå Sunnmøre som brått oppdaga ein tiar på bakken.

Det kan vere at førestillinga om den gjerrige sunnmøringen er foreldra. Nyleg opna Amfi Moa i Ålesund kommune etter omfattande ombygging og utviding. Med 170.000 kvadratmeter og 170 butikkar er dette blitt eit av landets største kjøpesenter. Også bibliotek og kino er det funne plass til under det same taket.

Her er det både stilig og brukarvenleg. Her kan ein handle og oppleve utan sjenanse frå vilt og vått vestlandsvêr. Gangbruene mellom dei forskjellige einingane er i glas og stål. Eg ruslar rundt med utsikt til mektige sunnmørsalpar der det framleis ligg flekkar av snøen som fall i fjor.

Powered by Labrador CMS