Gruppesigeren glapp på overtid

Noreg U21 var i ferd med å stele gruppesigeren, men ein tabbe frå Arild Østbø fire minutt på overtid blei kostbar. Med 1- 1 ventar vinnaren av Nederland og Spania i semifinalen.

Tor Ole Skullerud gjorde heile ni endringar frå laget som slo England 3- 1 laurdag. Dei fire A-landslagsspelarane Håvard Nordtveit, Markus Henriksen, Joshua King og Valon Berisha var blant dei som blei kasta innpå i gruppefinalen mot Italia.

Offensivt fungerte svært lite for Noreg. Pasningsspelet og bevegelsane stemte ikkje. Italia skapte eit hav av sjansar, men Strømmen-keeper Arild Østbø varta opp med den eine praktredninga etter den andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fullstendig mot spelets gang ordna kaptein Stefan Strandberg norsk leiing på straffespark etter 90 minutt. RBK-stopparen ordna sjølv straffa, etter at han blei riven ned i feltet. Han scora sikkert. Den norske benken gjekk bananas. Alt tyda på gruppesiger.

Fire minutt på overtid fekk omsider Italia ballen i mål. Østbø gjekk ut på eit innlegg, men nådde aldri ballen. Det gjorde derimot Andrea Bertolacci, som sendte ballen i det tomme nettet.

Noreg U21 er klar for den første semifinalen sin i EM sidan Nils Johan Semb tok laget til bronse i 1998. Sidan det ikkje blir spelt bronsekamp, er Noreg allereie sikra bronse.

Noreg speler semifinalen sin i Netanya laurdag. Nederland eller Spania blir motstandar. Laget som vinn gruppe B ventar for Noreg. Spania er favoritt mot Nederland og laget Noregs U21-gutar vil unngå. Spanjolane blir omtalte som det beste U21-laget i verda.

Østbø var Noreg beste tysdag, men tabben på overtid øydela for ein sensasjonell førsteplass i gruppe med Italia og England.

Les også
U21-gutane håpar NFF vågar å satsa ungt
Les også
Effektivt norsk lag knuste England
Les også
Uavgjort mellom Israel og Norge
Les også
Tarik ville boikottet Israel
Les også
Drillo kan «slippe» å dra til IsraelU21-EM i fotball