U21-gutane håpar NFF vågar å satsa ungt

Gamle travarar på A-landslaget bør føla seg truga. Vegen til U21-landslaget mot semifinale blir lagt merke til.

Norge U21 møter Italia U21 i kveld klokken 18 norsk tid.

Sveits og Bel­gia er på full fart fram­over etter at dei be­visst satsa på unge ta­lent. U21-kap­tein Ste­fan Strand­berg håpar Nor­ges Fot­ball­for­bund føl­gjer etter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg håpar at NFF tør å satsa på dei fles­te av oss her nede. Der­som dei gjer som i Bel­gia og Sveits og tør å satsa på dei fles­te unge, så er eg gans­ke sik­ker på at vi skal ta Noreg til mange slutt­spel i åra fram­over, seier Strand­berg.

Tre-fire «nye»

Mar­kus Hen­rik­sen har alle­reie 17 A-lands­kam­par. Han er ein av fire mann i EM-trop­pen som kom med char­ter­fly til Is­rael natt til laur­dag etter å ha spelt for A-lands­la­get fre­dag.

- U21-la­get spe­lar god fot­ball, har bal­len mykje og le­ve­rer mange flot­te an­grep. I til­legg har laget hatt for vane å scora i kvar ein­as­te kamp. Eg trur tre-fire nye (U21-) spe­la­rar får sjan­sen på A-lands­la­get i neste VM-kva­li­fi­se­rings­kamp, seier Hen­rik­sen.

Det kan koma godt med, for A-lands­la­get har fått kri­tikk for mang­lan­de målteft, få sjan­sar og til tider kje­de­leg fot­ball.

Klare for opp­rykk

Jo Inge Ber­get mei­ner flei­re av U21-gu­ta­ne alle­reie er klare for «opp­rykk».

- Det er vel ikkje opp til oss. Vi har fire spe­la­rar som kjem «ned» frå A-lands­la­get og som alle­reie er tone­gje­van­de der. Det er flei­re her som har vore innom. Mar­kus har spelt mange kam­par der. Det er ein år­gang du ikkje kan sjå bort frå tek over lands­la­get etter kvart, seier hade­len­din­gen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg har sjølv­sagt lyst til å spela meg inn på A-lands­la­get. Det hand­lar litt om typar og kven som pas­sar inn på det laget. Mange på det U21-la­get her er gode nok alle­reie, seier Mol­de-an­gri­pa­ren.

Opp og ned

Noreg har ikkje vore i U21-EM sidan bron­sen i 1998.

- Vi må rekna med at det går litt opp og ned i ein liten na­sjon som Noreg. Vi har nok ikkje kull og breid­de til å spela U21-EM anna­kvart år, seier lands­lags­sjef Tor Ole Skul­le­rud.

Det er liten tvil om at mange av ele­va­ne hans er klare for stør­re opp­gå­ver.

Nye kos­tar feiar best, hei­ter det.

A-lands­lags­sjef Egil Olsen likar nok rap­por­ta­ne frå Is­rael. Spørs­må­let er kor mange han vågar å henta opp til VM-kva­li­fi­se­rings­kam­pa­ne til haus­ten.

Les også
Norsk strikkedame går verden rundt
Les også
Her spilles U21-EM
Les også
Effektivt norsk lag knuste England