For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Graset er ikkje grønare i syden

Me får ikkje reise til eksotiske strender, og der me får reise bør me helst ikkje reise likvel. Verda har forandra seg ein god del på nokre månader.

Publisert Sist oppdatert

Men kor langt må me dra for å ha ein god ferie? Veit me om all herlegomen som finst ein sykletur frå flyplassen me ofte dundrar avgarde frå i mange hundre kilometer i timen?

Vi er to karar som syklar frå Bergen om morgonen, og kjem fram til Hardanger ved middagtider. Så befriande å sykle rett frå sitt eige hus og ut i verda, ingen bagasjeinnsjekk, ingen billettar, ingen taxfreesjapper med sukkerbomber, røyk og alkohol. Rett ut i Guds frie natur.

Vi får losji for ein billig penge. Eit heilt hus med fire soverom, kjøkken, bad og to stover. Utanfor døra veks liljekonvall, i trea syng fuglane, elles er det stilt, heilt stilt. Me er som i ei anna verd. likevel er det noko kjent, noko tett på oss. Eg har sjølv aner til Hardanger og kjenner at dette på sett og vis er ein del av meg.

Powered by Labrador CMS