LEDER AN: Den nederlandske statsministeren Rob Jetten leiar det sosialliberale partiet D66, som vil utvida retten til dødshjelp.
Ole Berg-Rusten / NTB
Gav dødshjelp til 2-åring med epilepsi: – Ingen håp
No har ein nederlandsk kontrollkomité konkludert i spørsmålet om legen handla forsvarleg då han gav 2-åringen dei dødelege medikamentene.
Ein 2-åring har fått dødshjelp i Nederland.
Legen som tok livet av barnet handla aktsamt og forsvarleg, konkluderer Den nederlandske kontrollkomiteen for livsavslutning hos barn, i ein fersk rapport.
Den nederlandske allmennkringkastaren NOS og det medisinske fagtidsskriftet Skipr er blant media har skrive om saka, som blir omtalt som historisk.