INTERNASJONALT: Mange nasjonalitetar er representerte på basen til Ungdom i Oppdrag på Ålesund bedehus.
Stefan Miron
Gammalt bedehus blir ung katedral
Den rike historia til Ålesund bedehus inspirerer Ungdom i Oppdrag når dei fyller den ærverdige bygningen med ny aktivitet.
– Kan du kome ned i katedralen?
Leiar Jan Oskar Alnes på basen til Ungdom i Oppdrag i Ålesund står i gangen til Ynglingen og snakkar i mobil med ein annan i staben.
Den internasjonale misjonsorganisasjonen leiger det tradisjonsrike huset til KFUK-KFUM i sunnmørsbyen. Her har dei mellom anna kontor, kjøken og felles stove. På ei korktavle heng det bilete av menneske frå Danmark, Romania, USA, England, Nederland, Sør-Afrika og Canada. Fellesskapet er fargerikt.