F.h. Rektor Yngvar Hetland ved Samfundet skole viser fram biblioteket til Joel Ystebø (KrF).
Helene Reite Uglem
Friskule-rektor: – Vi kan ikkje vike frå Bibelen
Joel Ystebø besøkte Samfundet skole og Gamlevegen skole i Egersund, som begge har fått pålegg om å endre si samlivsundervisning.
Dei kristne friskulane Gamlevegen skole og Samfundets skole i Egersund har begge vore under Utdanningsdirektoratets lupe dei siste åra. No står dei i fare for å miste statsstøtta.
Fredag fekk rektorane Raimond Sleveland og Yngvar Hetland besøk av stortingsrepresentant Joel Ystebø (KrF), fylkesleiar Børge Vassbø(KrF) og gruppeleiar John Mong i Egersund KrF.
Alle fryktar dei at den nye opplæringslova kan få alvorlege konsekvensar for ikkje berre desse to skulane, men også andre kristne friskular rundt om i landet.