STØTTAR DØDSHJELP: Den franske presidenten Emmanuel Macron støtta dødshjelplova som er er vedteke, men som no komme med fleire atterhald, til glede for kristne dødshjelpmotstandarar i Frankrike.
Aurelien Morissard / AP / NTB
Frankrike: Kristne institusjonar får likevel nekta å husa dødshjelp
Men samvitsfridommen gjeld berre under visse vilkår, ifølgje nylege endringar i den franske dødshjelp-lova.
I juli fekk franskmennene rett til dødshjelp.
Den franske nasjonalforsamlinga vedtok då ei lov som opnar for assistert sjølvmord for vaksne menneske med ulækjeleg sjukdom.
Men etter ein ny gjennomgang har grunnlovsrådet i Frankrike lagt til tre atterhald i den nye lova.