FULLT HUS: Eit tverrkyrkjeleg arrangement trekte fulle hus då den amerikanske pastoren gjesta Brussel sist helg.
Thomas J Petrino
Franklin Graham samla 14.000 i hjartet av Europa: – Dette er berre byrjinga
620 evangelikale kyrkjer i Belgia stod bak arrangementet som blir kalla eit mirakel.
– Jesus kom ikkje for å dømma, men for å frelsa. Men du må koma til Han i tru, sa Franklin Graham til ein fullsett ING arena i Brussel, ifølgje Christian Broadcasting Network (CBN).
Den amerikanske pastoren gjesta den belgiske hovudstaden sist helg, i samband med Festival of Hope.
Hundrevis svarte på invitasjonen om å gi livet sitt til Kristus, ifølgje organisasjonen til Graham, Billy Graham Evangelistic Association (BGEA).