FILOSOF: Charles Taylor er professor emeritus på det anerkjende universitetet McGill University, i Montreal i Canada. Her under mottakinga av ein pris frå Templeton Foundation.
Mary Altaffer/AP/NTB
Filosof meiner «folk lagar sin eigen religion»
– For mange blir ikkje den åndelege lengselen deira møtt av dei tradisjonelle kyrkjene lenger, seier ein av dei største filosofane i vår tid.
I 2022 er Noreg det niande mest sekulære landet i verda, ifølge World Population Review. Men betyr fallande kyrkjedeltaking at folk sluttar å vere religiøse?
Ikkje nødvendigvis, ifølge ein av dei fremste ekspertane på sekularisering, Charles Taylor. 91-åringen har gjennom eit langt liv etablert seg som ein av dei største filosofane i verda.