UEINIG: Fylkesleiar i Trøndelag, Finn Henrik Friis Larsen.
ODD MEHUS
Fem fylkesleiarar i Konservativt er ueinige i at Møre og Romsdal blei suspendert
Heile fylkesstyret i Møre og Romsdal er suspendert frå Konservativt. I eit nytt brev reagerer fleire fylkesleiarar på måten det har skjedd på.
Sentralstyret i Konservativt har suspendert fylkesstyret i Møre og Romsdal i to år, grunna påstsandar om alvorlege brot på partiet sine vedtekter.
Sjølv trur Møre og Romsdal at suspensjonen handlar om at partileiinga ikkje toler kritikk.
Dei har prøvd å anka suspensjonen to gonger, men sentralstyret står på sitt.