STØTTEGRUPPE: Amund og Thea Strand uttrykkjer djup uro for ein kristen konvertitt som er returnert til Iran midt i uro og forfølging.
Privat
Får ikkje kontakt med Heydari i Iran: – Vi er svært bekymra
Like før jul vart den kristne konvertitten Vesam Heydari sendt tilbake til Iran. Støttegruppa hans i Noreg fryktar for livet hans.
«Disse dagene er veldig skumle. Jeg er veldig bekymra,» skreiv Heydari på ei melding til venen Thea Strand for ei veke sidan.
Så blei det stille.
– Eg er maksimalt bekymra. Vi veit ikkje om han er i live ein gong, seier Thea Strand frå Leikanger.