SKULE: Udir har sendt eit forslag om rettleiande pensumlister i grunnskulen på høyring.
Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fagfolk om Udir sitt forslag: – Kristendomen får for liten plass
Kor avgjerande har kristendomen vore for samfunnsutviklinga? Fagfolk meiner kristendomen burde ha fått større plass i Udir sitt nye forslag til innhaldslister i samfunnsfag.
På oppdrag frå kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har Utdanningsdirektoratet, i samarbeid med Sametinget, nyleg sendt eit forslag om rettleiande innhaldslister i mellom anna norsk og samfunnsfag ut på høyring.
Listene er ikkje bindande, men skal fungera som støtte og supplement til dagens læreplan. Listene inneheld døme på tekstar, songar og tema som kan brukast i undervisninga. Dagen omtala nyhendet sist veke.
Kritiske røyster stussar no på kristendomen sin manglande plass i rettleiaren for samfunnsfag.