SYMPTOMATISK: Forfattar Robert P. Jones meiner Donald Trump har appellert til ei frykt for kulturelle endringar i USA.
John Minchillo /AP /NTB
Etterlyser oppgjer med amerikansk kristen nasjonalisme
Samanstillinga av kristne og «kvit makt»-symbol under opptøya i Washington D. C. på onsdag uroar forfattar og forskar Robert P. Jones.
Han har skrive bøkene «The End of White Christian America» og «White too long» og leier Public Religion Research Institute.
– Dersom det var ein verdifull ting som kom ut av det skammelege kaoset på onsdagens åtak på U. S. Capitol, er det at dei forferdelege hendingane klargjorde dei kraftfulle ideologiske og teologiske straumdraga i amerikansk politikk som ofte vert verande rett under overflata, skriv Jones i ein kommentar for Religion News Service.
Kristne symbol