KRISTENLIV: Einar Halleraker (37) er ungdomspastor i Norkirken Ålgård i Rogaland.
Alice Tegle
«Er eg ein god nok kristen?» Pastor Einar har høyrt spørsmålet i årevis
– Mange kristne opplever at dei må ta på seg ei kristen maske, seier ungdomspastor Einar Halleraker. I den nye boka si vil han opna rommet for eit meir ærleg kristenliv.
Kva vil det eigentleg seia å vera ein «god nok» kristen? Spørsmålet har følgt ungdomspastor i Norkirken Ålgård, Einar Halleraker, gjennom mange år – både i møte med unge menneske og i hans eige liv. No har det blitt til bok.
I Følgesvennen – å følgje Jesus i vår tid (Ventura forlag) skriv han ope og sårbert om disippelskap i ei tid prega av høgt tempo, indre uro og høge forventningar, òg i kristne fellesskap.
– Då eg jobba som lærar på Impuls bibelskule for nokre år sidan, var det eitt spørsmål som gjekk igjen mellom studentane: «Korleis blir eg ein god nok kristen?» fortel han.