NORSK-ISRAELARAR: Markus og Nina har vakse opp i Israel, men bur i Noreg.
Alice Tegle
Ekteparet tør ikkje snakka hebraisk ute blant nordmenn lenger: – Me er redde nå
Også i Bygde-Noreg fryktar jødar konsekvensane over å bli assosiert med Israel.
– Me må ikkje provosere feil folk, seier «Markus» og «Nina».
Dei er to tilsynelatande vanlege trebarnsforeldre frå Bygde-Noreg.
Likevel vil dei ikkje vise kven dei eigentleg er. Ikkje nå. Ikkje etter alt som er skjedd den siste månaden.