MISNØGD: Tidlegare visepresident Mike Pence er ikkje nøgd med linja Donald Trump vel i abortspørsmålet inn mot presidentvalet.
Patrick Semansky
– Eit slag i ansiktet, seier Pence om Trumps abortutspel
Den tidlegare visepresidenten skuldar sin gamle sjef for å svikte Ja til livet-rørsla.
Måndag kom Donald Trump med ei avklaring av kvar han står i den amerikanske abortstriden. I ein video på si eiga plattform Truth Social understreka den tidlegare presidenten at han er stolt av å ha utnemnd høgsterettsdommarar som omgjorde abortdommen Roe vs. Wade frå 1973. Det betyr at det no er opp til kvar av dei 50 statane å avgjere kva lovgiving dei skal ha på feltet.
Slik ønskjer Trump at det skal halde fram.
– Statane vil avgjere ved avrøysting eller lovgiving eller kanskje begge deler. Og same kva dei avgjer, må det vere lova i landet, sa Trump om abortrettar ifølgje AP.