UTKIKK: Folk samlar seg på utkikksplassar ved byen Sderot like ved grensa i håp om å få eit glimt av rakettskytinga frå Gaza inn over Israel. FOTO: John Solsvik

Eit døger i rakettregnet

Sola har nett gått ned over Gaza då ei kvit rakettstripe flerrar himmelen. Nokre minuttar seinare står eg ved krateret som raketten har etterlate seg i ein hage i Ashkelon.

Det går eit sus mellom dei ti journalistane og tilskodarane som har tatt oppstilling på ein kolle vest for byen Sderot like ved grensa til Gaza. Frå bustadene i det nordlege Gaza susar det brått opp ein rakett som både er lett å høyra og sjå. Stripa i lufta nordover mot Ashkelon vert hengjande i fleire sekund, og fotografane klikkar ivrig i veg.

Ei gruppe ortodokse ungdommar diskuterer kor raketten kan ha tatt vegen. Det er første gongen dei opplever dette, og hendinga gjer tydeleg inntrykk på dei unge mennene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tre minuttar seinare høyrest eit drønn og svart røyk stig opp frå det same område som raketten kom frå. Israel er rask med å svara på aggresjonen, og bombinga deira er nøyaktig og målretta.

Les også: Norske Linda (21) jobber som frivillig på et gjestehus i Ashdod og har søkt tilflukt i bomberom mer enn 50 ganger i sommer

Rakettnedslag

Ein av journalistane får melding om nedslag i Ashkelon og hiv seg i bilen nordover. Eg følgjer etter i håp om at han kan leda meg til den rette staden. Eit kvarter seinare i eit stort byggefelt i det nordlege Ashkelon stansar vi opp fordi folk sperrar gatene. Med kamera i hand følgjer eg straumen av nysgjerrige tilskodarar, forbi politibilar og brannbilar, og så ser eg det. Plenen ved ein stor villa mellom høge bustadblokker viser eit krater etter rakettnedslaget. Han har sneia hjørnet på hustaket av det store kvitkalka murhuset og bora seg ned i plenen utanfor glasveggen i stova i huset.

Praten går høglydt blant dei mange frammøtte naboane og tilskodarane. Til Dagen fortel eigaren at ingen var heime då nedslaget kom. Kona og dei to borna var ute, og sjølv snakka han med ein kamerat.

Minimale skader

– Takk Gud at ingen kom til skade, og takk Gud at skadane er så minimale, seier den lukkelege huseigaren.

Politiet har alt fjerna kassamraketten som til alle si forundring ikkje gjorde nemneverdige skader. Ein politimann som vil vera anonym, seier det kunne gått så mykje verre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Tenk om raketten hadde treft ei av blokkene rundt oss der det bur så mykje folk. Det verkar som ein vind har styrt raketten utanom blokkene, seier politimannen.

– Europa må vakna

Tilskodarane er opprørte, og fleire vert intervjua både av israelske og utanlandske tv-kanalar.

– No må Europa vakna opp! Sjå her kva som skjer – dei skyt mot store bustadområde for å drepa flest mogeleg sivile. Dette er brot på alle internasjonale reglar. Dette må nokon setja ein stoppar for! kjem det heftig og høglydt frå ei ivrig kvinne i sin beste alder.

Det er fullt av folk i gatene når eg forlet huset. Mørket har falle på, og ei kvine er ute med ein skokk med barn. Ingen ser ut som dei har vorte skremde av rakettnedslaget. Ashkelon er ein av dei byane berre åtte kilometer nord for Gaza der alarmen har gått oftast dei siste dagane.

– Det er jo ubehageleg og litt skummelt. Men eg er ikkje redd. Dei skal ikkje få skremma oss vekk herifrå! seier ho med ettertrykk.

Gatene er fulle av folk, og på fleire fotballøkker går spelet sin gong i flomlys. Livet skal gå vidare så normalt som mogeleg trass i rakettregnet.

Regn av rakettar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå midnatt til søndag til midnatt mot måndag kom det 192 rakettar inn over Israel frå Gaza. Det er rekord i løpet av eit døgn eller gjennomsnittleg åtte i timen. Den førre rekorden var på 168 rakettar på 24 timar, også sett under Gazakrigen denne sommaren.

Musikkradioen vart stadig avbroten av meldingar medan eg køyrar mot Gazagrensa om rakettalarm i Beersheva, Sderot, Ashkelon, Ashdod og i kibbutzane som ligg like ved grensa. Særleg gjer det inntrykk å høyra om nye alarmar i kibbutzen Nahal Oz. Denne søndagen er det nemleg gravferd for den fire år gamle Daniel Tragerman som fredag vart drepen av ein rakett som slo ned i Nahal Oz. Og medan mora minnest den kjære guten hennar, fortset det å hagla rakettar over området frå Gaza.

Ein politibil sperrar vegen inn til grensestasjonen Erez. Søndag ettermiddag slo rakettar ned på grensestasjonen som var full av både palestinarar og israelske arabarar. Tre personar vart skada, to av dei alvorleg. Fleire hevdar dette ikkje var noka ulukke, men at Hamas skaut mot grensestasjonen Erez for å skremma palestinarar frå å ha noko med Israel å gjera.

Roleg natt

Utpå kvelden går eg til ro på gjestehuset til Karmel i Ashdod. Klokka fem på elleve vert freden broten av hylinga frå rakettalarmen over byen. Eg skundar meg ned i tilfluktsrommet i kjellaren der dei tre volontørane alt har innfunne seg. Vi lyttar stille, og kort tid etter høyrer vi eit svakt drønn. Så går vi tilbake til sengene våre, men det tek lang tid før søvnen innfinn seg denne natta.

Ingen fleire alarmar over Ashdod natt til måndag. Men på veg tilbake til Jerusalem er Hamas tydelegvis i gong igjen. Musikkradioen vert stadig broten av meldingar om alarmar som har gått i byane og kibbutzane langs grensa til Gaza.

Gazakrigen

Oppstart 8. juli; pågått i 49 dagar.

192 rakett frå Gaza 24 timar søndag.

Skyt mot bustadområde, rammar sivile.

Israelarar ved Gazagrensa prøver å leva sitt normale liv trass i rakettar og løping i bomberom.

Skyt mot bustadområde, rammar sivile.

Les også
Myten om israelsk okkupasjon
Les også
– Enighet om langvarig våpenhvile på Gazastripen
Les også
Egypt inviterer til nye Gaza-forhandlinger
Les også
Israelsk fireåring drept i angrep fra Gazastripen
Les også
Klageflom på NRKs Gazakrig-dekning
Les også
Ny libanesisk rakett mot Israel