EMBETSSYN: Det er vanskeleg å sjå at ein teologisk tradisjon som identifiserer seg med Oddvar Søviks (biletet) meir funksjonalistiske embets- og nådegåvesyn, kan godta Alfsvågs teologiske resonnement. Langt i frå, faktisk, skriv Rolf Kjøde.
Dagen arkiv
Eit bidrag som er vel verd å lese
Teolog og pensjonert pastor Oddvar Søvik har over år skrive ein del artiklar om sitt prinsipielt opne syn på kvinners deltaking i alle kyrkjelege funksjonar.
No har han samla argumentasjonen til forsvar kvinnelege hyrdar og lærarar i kyrkja. Dette ligg i forlenginga av det han har skrive tidlegare om nådegåvene sin sentrale plass i kyrkja sitt liv.
Bibelsyn
I boka «Her er ikke mann og kvinne» opnar han med å drøfte spørsmål knytt til teksttolking og bibelsyn. Han framfører ein reflektert teologi om Bibelens autoritet som klassisk kristne av ulik konfesjon kan kjenne seg igjen i. Før han går til nokre av dei debatterte bibeltekstene, drøftar han også kva rolle embets- og nådegåvesyn spelar for spørsmålet.