ORANGE MORO: Ekteparet Synnøve og Alf Opedal har kjøpt seg ein gamal Volkswagen T2. Slik har dei ein hobby når borna flyttar ut.
Odd Mehus
– Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv!
Ekteparet Synnøve og Alf Opedal frå Os stråler av bilglede der dei står framfor den nyleg innkjøpte retrodraumen.
Ei tysk, oransje kassevogn på fire smale radialdekk gjer seg lekker i bakgrunnen. Den smått legendariske Volkswagen T2 som prega mange familieferiar på syttitalet.
– Det stod mellom å gjera noko med skråninga bak huset eller å realisere bildraumen. Me valde bilen. Skråninga kan me ta seinare, ler Synnøve.
Færre i huset