❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Ei unik polarhistorie

Birger Amundsen har skrive bok 
om fangstmannen Harald Soleim 
frå Bergen, som har budd førti 
år aleine i isaudet.

Publisert Sist oppdatert

– For mange er det nok vanskeleg å sjå føre seg kor lang tid 40 år faktisk er. Eg brukar å spørje folk kva dei gjorde i 1977, det året Harald etablerte seg som fangstmann. Om ein tenker tilbake til den tida og samanliknar med situasjonen ein er i no, er det i dei aller fleste tilfelle enorme endringar. For Harald er tida mellom då og no ei tid aleine som fangstmann på Svalbard, seier forfattar Amundsen til Nynorsk pressekontor.

Eitt år blei til 40

Då fangstmann Soleim kom til Svalbard i 1977, var ikkje planen å bli buande lenge. Han skulle i utgangspunktet berre drive fangst på Svalbard i eitt år. Forfattar Amundsen trur det er fleire grunnar til at eitt år blei til 40.

Powered by Labrador CMS