OPPHAV: Ut frå både personleg og profesjonell erfaring er psykolog Marit Johanne Bruset blitt oppteken av at born har rett til å kjenne det biologiske opphavet sitt.
Anne Helen Ørjavik
– Eggdonasjon kan ha utilsikta følgjer for born
Psykolog som har kjempa for hjelp til ufrivillig barnlause, ber politikarane tenkje seg om.
Ap, SV og Frp har vorte samde om endringar i bioteknologilova som mellom anna omfattar eggdonasjon og opning for kunstig befruktning for einslege kvinner. Forslaga skal opp til votering i Stortinget 26. mai.
– Eg har sjølv opplevd å vere ufrivillig barnlaus, seier Marit Johanne Bruset.
På første halvdel av 1980-talet var ho mellom dei første som fekk tilbod om befruktning ved hjelp av prøverør i Trondheim. Ho var også med på å ta initiativ til den lokale foreininga for menneske i denne situasjonen.