STORE KOSTNADER: Frå 2009 til 2010 auka straumkostnadene ved dei fem kyrkjene i Gloppen som er i bruk heile året frå 258.000 til 478.000 kroner. Ved Breim kyrkje (biletet) var auken 43.000 kroner. Foto: Kenneth Fjell Rasmussen
Dyr straum kan stengje kyrkje
Straumkostnaden har auka med 80 prosent det siste året for kyrkjene i Gloppen i Sogn og Fjordane.
- Økonomien for kyrkjene i Gloppen er alvorleg. I verste fall må vi stenge Breim kyrkje for gudstenester om vinteren for å redusere straumkostnadene, seier Ingemar Sårheim og Venke Raad Larsen til Firda Tidend.
Raad Larsen er leiar i soknerådet i Breim, og Sårheim er soknerådsmedlem og medlem i Gloppen kyrkjelege fellesråd. No ropar dei varsku. Frå 2009 til 2010 auka straumkostnadene ved dei fem kyrkjene som er i bruk heile året frå 258.000 til 478.000 kroner. Ved Breim kyrkje var auken 43.000 kroner.
- Vi som skal styre budsjettet for kyrkjene i Gloppen må tenkje på kva vi skal gjere. Kyrkjene våre er store og dårleg isolerte bygg som er uhyggjeleg dyre å varme opp. I 2010 gjekk det kyrkjelege fellesrådet med dundrande underskot. 2011-budsjettet ser endå verre ut. No må vi ta grep, seier Sårheim.
Eitt tiltak kan vere å redusere talet gudstenester i vinterhalvåret eller flytte desse til Sandane kyrkje som er konstant oppvarma.
- Det vil ikkje medføre meir enn 10-15 minutt lenger køyretid for dei som bur i Breim. Kanskje kan det også bli aktuelt at vi organiserer skyss, seier Sårheim.