UTSIKT: Prosjektleiar Lars Johan Klokk og kollega Per Gunnar Hamøy skodar ut over området rundt Sjøholt folkehøgskole. Dei er ustanseleg på utkik etter utviklingsmoglegheiter for skulen.
Tore Hjalmar Sævik
Drøymer om å gi 16-åringar ny motivasjon
Det er full gass med elevrekruttering, organisering og renovering fram mot opninga av Sjøholt folkehøgskole i august.
Ei sirkelsag kvin skarpt i toppetasjen på det som har vore både husmorskule og vidaregåande skule i sunnmørsbygda Sjøholt. Dei siste ti åra har bygningane ikkje vore i bruk. No er dei i ferd med å bli fullstendig renoverte, samt at det skal byggjast nytt internat i forkant.
Inne og ute er arbeidsfolk i sving med alt frå sparkelskrape til gravemaskinar.
– Det meste her skal vere ferdig til påske, seier prosjektleiar Lars Johan Klokk om hovudbygningen.