ADOPSJON: Høgsterettsdommar Amy Coney Barrett gjorde adopsjon til eit tema då det var høyring i ei sak som kan få store konsekvensar for abortlovene i USA.
Erin Schaff/AP/NTB
Dommar har sjølv adoptivbarn. Ho vert avgjerande i abortstriden.
Adopsjon som alternativ til abort er blitt eit heitt tema når abortdebatten spissar seg til i USA.
Amy Coney Barrett er historisk på fleire vis: Som 48-åring vart ho i fjor den yngste kvinna som er blitt utnemnd til høgsterettsdommar i USA. Og ho er den første kvinna som har hatt denne prestisjetunge rolla samtidig med å ha born i skulealder. Eitt av dei fem biologiske borna hennar har Downs syndrom. I tillegg har ho to farga adoptivborn.
Familie og karriere
Katolikken viser at det er mogleg å kombinere ei klar Ja til livet-haldning med å nå heilt til topps karrieremessig. For støttespelarar er det ei markering av at motstand mot fri abort ikkje må innebere at ein vil hindre kvinner frå å nå langt også utanfor heimen.