Doblougprisen 2008 til Ragnar Hovland
Doblougprisen er ein litteraturpris som blir delt ut av Svenska Akademien, til svensk og norsk skjønnlitteratur, og litteraturhistorisk forsking. Dei norske prisvinnarane blir valde av Den norske forfatterforening.
I juryen si grunngjeving står det mellom anna:
«Hovland hadde ikkje vore Hovland om han ikkje også var svært einheitleg i alt sitt mangfold. Om genrane skifter, er den hovlandske stemma alltid lett å kjenna igjen. Heilt sidan debuten har den vore ei av dei tydelege stemmene i norsk samtidslitteratur.»