Bjørn Olav Hammerstad
Dette er presten som er ny Ap-ordfører i Kristiansand
72 år i skuggen er over for Ap i Kristiansand. Eks-KrF-ar Jan Oddvar Skisland er tilbake i ordførarstolen, denne gongen som Ap-medlem.
Det har vore intense veker i Kristiansand, og blokkene har kjempa hardt for å nå eit fleirtal på 35 mandat. Berre eit døgn før kommunens første bystyremøte vart det spikra eit fleirtal i bystyret.
I innspurten fekk Senterpartiet eit frieri frå høgresida som innebar at dei skulle få ordførarposisjonen, dersom dei braut ut av den raudgrøne blokka. Tysdag ettermiddag fortalte dei Arbeidarpartiet at dei hadde avvist tilbodet, og valde heller å halde avtalen dei hadde inngått med venstresida.
Først då kunne Arbeidarpartiet og dei andre raudgrøne sleppe jubelen laus - fire veker etter valdagen.