– Det er ikkje Trump som er USA sitt problem
Den britiske kristne forfattaren og USA-kjennaren Os Guinness meiner USA er råka av ei undervurdert verdikrise.
Guinness vart fødd av misjonærforeldre i Kina, har doktorgrad i sosiologi frå Oxford University og har budd i USA sidan 1984. I løpet av denne perioden har han sett landet bli stadig meir polarisert. No meiner han situasjonen er kritisk.
«Last Call for Liberty» er tittelen på den siste boka til Guinness.
– Det er eit forsøk på å adressere den pågåande krisa, seier han til Dagen.