JULIANSK: Primstaven blei brukt i store delar av Europa og byggjer originalt på den julianske kalenderen, som ein nytta i Noreg fram til 1700. Her ser vi fleire av merkedagane knytt til juletida og nyttår.
Margunn Sundfjord
Den evige kalenderen set framleis merke
Primstaven styrte liva til folk i fleire hundre år. Merka på staven var knytt opp mot festdagar for katolske helgenar, men dei fortalde også kva ein måtte gjere på ulike tidspunkt i året.
Sjølv om staven har forsvunne ut av kvardagen vår, lever framleis mange av markeringane i beste velgåande.
Fungerte som ei hugseliste
– Mange av merkedagane på primstaven er helgendagar, altså ei arv frå tida Noreg var katolsk, seier konservator Risåsen.