Den kjende apologeten William Lane Craig underviste i går elevar ved Danielsen videregående skole og Danielsen intensivgymnas i Bergen.
Foto: Hanne Kristin Pedersen
- Dei som avvisar Guds eksistens, har ikkje sjekka godt nok
Den kristne filosofen William Lane Craig meiner dei som avviser at det finst bevis for Guds eksistens, har feil førestillingar om korleis slike bevis skal framstå.
Amerikanaren avslutta i går ein turné i Norden med føredrag for elevar og studentar ved Danielsen skoler i Bergen.
Craig har vore i Finland, Danmark og Sverige før han kom til Noreg. Måndag samla han fullt auditorium ved NLA Høgskolen på dagtid og over 300 tilhøyrarar i det nybygde «Egget» ved Universitetet i Bergen på kvelden.
- Kva meiner folk når dei seier at det ikkje er nok bevis for Guds eksistens, spurde Craig gymnasiastane.
FAKTA William Lane Craig:
Fødd 13. august 1949 Amerikansk trusforsvarar Har doktorgrad i både filosofi og teologi Har skrive fleire bøker, mellom anna Reasonable Faith og On Guard Nettsider: reasonablefaith.org