ELDSSJEL: Bonde og lastebilsjåfør, Ingar Kvia, arrangerer auksjon til inntekt for Haydomhospitalet i Tanzania kvart år.
Annelin Rygg Ersland
Bonden Ingar (67) samla inn nesten to millionar kroner til misjonssjukehus på ein kveld
Til saman har jærbuen sikra Haydom-hospitalet 18 millionar kroner dei siste åra.
– Eg er berre ein liten «ollefant» som drøser med folk og snakkar pengar, seier Ingar Kvia.
«Ollefant» er ein som kavar mykje. I Kvia sitt tilfelle har «ollinga» gitt store resultat.
Førre veke arrangerte 67-åringen auksjon, saman med den NRK-aktuelle cowboyen, Arvid Mæland.