KRITISK: Biskop Bernt Eidsvig er kritisk til regjeringa sitt nye forslag til endringar i trussamfunnslova. Bildet er frå eit anna høve.
        Ole Martin Wold/NTB
    
    Biskop ut mot nytt lovforslag: – Eit forsøk på å gjere religion om til ideologi
    – Bryt med trusfridommen, seier KrF-nestleiar Ida Lindtveit Røse
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Torsdag la regjeringa fram sitt forslag til endringar i trussamfunnslova, som dei no sender ut på høyring.
Der foreslår dei eit krav om minst 40 prosent representasjon frå kvart kjønn i dei styrande organa til trussamfunna som mottar statsstøtte.
For Den katolske kyrkja i Norge kan det bli problematisk.