UROLEG: Ghadermiwaysi Aghbal i Det demokratiske partiet i iransk Kurdistan følgjer protestane i Iran frå Hå mottak.
Alice Tegle
Ber Israel om hjelp i Iran: – Me kjempar mot dei same kreftene
– Kurdarar, og spesielt eg, likar Israel så godt, seier iransk-kurdiske Ghadermiwaysi Aghbal. Han håpar den jødiske staten vil støtta iranarane sin kamp mot prestestyret.
– Israel er eit godt land. Me må stå saman med dei, seier iranskkurdiske Ghadermiwaysi Aghbal.
Han følgjer den iranske motstandskampen frå Hå mottak på Jæren.
På bordet framfor han lyser og pip det i mobilen. For nokre dagar sidan byrja dei første kurdarane å kopla seg på Elon Musk sitt internett, Starlink.