Bad om fridom for kristne fangar

Under Den nasjonale bønefrukosten mana Barack Obama til innsats for trusfridomen internasjonalt. På heimebane meiner kritikarar at presidenten reduserer den same fridomen.

Tra­di­sjo­nen tru møtte pre­si­den­ten tors­dag opp på den år­le­ge bøne­fru­kos­ten i Wash­ing­ton D. C.

- All pris og ære til Gud som har brin­ga oss hit denne mor­go­nen, sa Obama i inn­lei­in­ga til talen sin.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under tid­le­ga­re bøne­fru­kos­tar har for­talt om kor­leis han kom til tru. Denne gon­gen be­skreiv han i korte trekk kor mykje det be­tyd­de for han å verte teken hand om av kyr­kja då han som ung var i ein vans­ke­leg si­tua­sjon.

- Det førte til at eg om­fam­na Jesus Kris­tus som min Herre og frel­sar. Det førte meg til Michel­le - mitt livs kjær­leik - og vel­sig­na oss med to eks­tra­or­di­næ­re døt­rer. Det førte meg til of­fent­leg te­nes­te. Og dess len­ger eg gjer te­nes­te, sær­leg i stun­der med prø­vin­gar eller tvil, dess meir takk­sam er eg for Guds lei­an­de hand, sa Obama.

Uro­leg for dis­kri­mi­ne­ring

Ho­vud­te­ma­et for talen var re­li­gions­fri­dom. Pre­si­den­ten mei­ner denne ikkje berre er eit gode for den ein­skil­de, men også for sam­fun­net.

- Fordi re­li­gion styr­kjer Ame­ri­ka, sa Obama.

Sam­ti­dig er­kjen­te han at re­li­gions­fri­do­men er under press rundt i verda.

- Vi ser sty­res­mak­ter står bak dis­kri­mi­ne­ring og vald mot tru­an­de, sa han.

Dette mei­ner han strir med men­neske­ver­det og med grunn­leg­gjan­de prin­sipp i dei store re­li­gio­na­ne. Han viste til av­snitt i Bi­be­len, To­ra­en og Ko­ra­nen for å un­der­byg­gje dette. På flei­re måtar ut­tryk­te han ei in­klu­de­ran­de hald­ning til tru og er­fa­ring i andre re­li­gio­nar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vans­ke­leg tema

Ut frå his­to­risk er­fa­ring slo han fast at na­sjo­na­lar som sik­rar dei grunn­leg­gjan­de ret­ta­ne til inn­byg­gja­ra­ne, in­klu­dert re­li­gions­fri­do­men, er meir rett­fer­di­ge, fre­de­le­ge og fram­gangs­rike sam­funn. Der­for kunn­gjor­de han at eit av nøk­kel­måla i ame­ri­kansk utan­riks­po­li­tikk er å frem­je re­li­gions­fri­dom.

- Og eg er stolt av å seie at ingen na­sjon i verda gjer meir for å for­sva­re re­li­gions­fri­do­men enn USA, sa han til ap­plaus frå salen.

Sjølv om han med­gav at det ikkje all­tid er lett, un­der­stre­ka han at si­tua­sjo­nen for re­li­giø­se mi­no­ri­te­tar ofte er tema når han snak­kar med leia­rar i andre land, som Kina og Burma.

Kon­kret tok han også opp si­tua­sjo­nen for to ame­ri­kans­ke stats­bor­ga­rar som sit fengs­la i andre land av re­li­giø­se år­sa­ker: Ken­neth Bae i Nord-Ko­rea og pas­tor Saeed Abe­dini i Iran. Han lova at ad­mi­ni­stra­sjo­nen hans ar­bei­der utan opp­hald for å få desse fri.

Krev unn­tak

Frå po­li­tis­ke mot­stan­da­rar har Ba­rack Obama fått skarp kri­tikk for å stram­me inn re­li­gions­fri­do­men i USA. Flei­re krist­ne or­ga­ni­sa­sjo­nar har gått til retts­leg kamp mot på­legg i Oba­mas helse­re­form om å in­klu­de­re pre­ven­sjon i helse­for­sik­ring for til­set­te, mel­der Re­li­gious News Ser­vice.

Målet er å få høgste­rett til å er­klæ­re at slike på­legg er grunn­lovs­stri­di­ge. Ei grup­pe på 38 krist­ne leia­rar - blant dei USAs mest kjen­de pas­tor Rick War­ren, den norsk­ætta teo­logi­pro­fes­so­ren Wayne Gru­dem og apo­lo­ge­ten Ravi Zacha­rias - har sig­nert eit do­ku­ment til støt­te for denne kam­pen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei mei­ner kris­ten lære krev at trua sty­rer alle deler av livet. Der­for mei­ner dei det ikkje er for­svar­leg å hjel­pe andre med å ut­fø­re syn­di­ge ak­ti­vi­te­tar. I dette til­fel­let drei­ar det seg om å be­ta­le for eller gjere til­gjen­ge­leg pre­ven­sjon som kan for­år­sa­ke abort.

Under fjor­årets bøne­fru­kost var den kjen­de afro­ame­ri­kans­ke legen Ben Cars­on ein av ta­la­ra­ne. Han nytta høvet til å gå til fron­tal­åtak på Oba­mas helse­re­form.

Vil stå samla

Ein av dei mest Oba­ma-kri­tis­ke po­li­ti­ka­ra­ne i Kon­gres­sen, re­pre­sen­tant Louie Gohmert frå Texas, var blant inn­by­da­ra­ne til årets bøne­fru­kost. Han mei­ner ar­ran­ge­men­tet ikkje hand­lar om det som ska­per skil­je mel­lom ame­ri­ka­na­ra­ne.

- Det er tider då vi kan ar­gu­men­te­re og dis­ku­te­re dei vik­ti­ge sa­ke­ne og usemja om kor­leis vi skal oppnå det beste for Ame­ri­ka, seier han til World Ma­gazi­ne. Men han av­vi­ser at Den na­sjo­na­le bøne­fru­kos­ten er eit forum for dette. Då mei­ner han po­en­get er å stå samla på tvers av skilje­lin­jer. Dagen

Bønefrukost i Washington D. C.

Den første torsdagen i februar kvart år er det National Prayer Breakfast i Washington D. C.

Arrangementet vart skipa av den norske emigranten Abraham Vereide frå Gloppen i Nordfjord

Den første presidenten som deltok var Dwight D. Eisenhower i 1953. Alle amerikanske presidentar sidan del gongen har stilt på bønefrukosten

Heile talen til Obama kan lesast på nettsidene til Det kvite hus: whitehouse.gov

Les også
Obama vil oftere forbigå KongressenFakta om Obamas State of the Union-tale
Les også
Frp krever unnskyldning fra Obama
Les også
Obama har avtalt møte med paven
Les også
Obama: - Marihuana ikke farligere enn alkohol
Les også
Lite kyrkjegong for Barack ObamaBarack Obamas trusbakgrunn
Les også
SV vil ha kommisjon etter Merkel-saken