KJEKT:Sumalee og Kåre Oddvar med borna Therese (11) og Camilla (13) tykte det var kjekt, men til tider slitsamt å vere med i tv-serien 'Et lite stykke Thailand».
Avliver mytar om thai-norske par
Skofteland Film har på TVNorge vist eit anna bilete enn myten om håplause norske ungkarar som finn seg thailandske jenter frå bar og prostitusjon.
Tv-serien «Et lite stykke Thailand» presenterte ressurssterke og til dels velutdanna thailandske kvinner som har funne seg solide og seriøse norske menn.
– Vi blei med i serien for å prøve å vise at vi er heilt normale familiar som alle andre. Vi ville prøve å få vekk litt av dei negative haldningane, og responsen tyder på at det er somme som ser litt annleis på det enn dei gjorde før.
Det fortel Kåre Oddvar Kjersem frå Tresfjord i Romsdalskommunen Vestnes. Kona, Sumalee, legg til at det ikkje er berre negative haldningar, men mange spørsmål folk har fått svar på.
– Dei lurer på korleis vi vart kjent og sånt, og dei har fått eit klarare bilete av oss som familie og av meg som kjem frå eit anna land.
Sumalee og Kåre Oddvar synest filminga og publiseringa har vore ei positiv oppleving. Dei har berre fått positiv respons. Folk seier at dei er så naturlege i serien.
– Det kjekkaste folk har sagt er kanskje den enkle setninga «No kjenner eg deg betre», seier den thailandske morsmålslæraren som før var rekneskapsførar.
Heile familien sa ja då dei fekk spørsmål å vere med i serien. Men det vart ein lang periode med filming frå 17. mai 2006, og innimellom var dei litt leie av merksemda.
Therese (11) og Camilla (13) synest det var både artig og litt plagsamt å vere med.
– Det var svært artig når dei folka skulle filme, men det var litt plagsamt at dei skulle filme oss heile tida, seier Camilla.