TENKJER TILBAKE: Tenåra til Tobias Lien var ganske annleis enn starten av 20-åra.
        Alice Tegle
    
    Ateist blei prest: – Eg vil vera der for folk og føra dei til Kristus
    Kompisar reagerte med vantru då dei høyrde om Tobias Lien (28) sitt nye livsval.
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Den ferske soknepresten i Sokndal, lengst sør i Rogaland er teologisk konservativ.
Ein av grunnane til at han har vald å vera folkekyrkje-prest, er ønsket om å nå ut til dei som har det slik han sjølv hadde det, før han blei kristen i 2015.
– Eg vil vera der for folk og føre dei til Kristus, seier Tobias Lien.