ORSAK: Den kristne DC Talk- og Newsboys-vokalisten Michael Tait seier orsak til alle som vart offer for feilgrepa hans.
David Faulkner / Flickr - creative commons
Artist vedgår seksuelle brot og rusmisbruk: - Eg skammar meg
Den kristne vokalisten Michael Tait står fram med ei offentleg vedkjenning av syndene sine i eit innlegg på Instagram.
Tait innleier Instagram-innlegget sitt med ei audmjuk sjølvransaking, der han skildrar skuldingane mot den «omsynslause og destruktive åtferda si» som sanne.
Han skriv blant anna:
- I kring to tiår brukte og misbrukte eg kokain, drakk altfor mykje alkohol, og rørte til tider ved menn på ein uynskt sensuell måte. Eg skammar meg over vala og handlingane i livet mitt, og eg orsakar meg ikkje. Eg vil ganske enkelt kalla det for det Gud kallar det - synd.