ANDERS TOTLAND: Nynorskforfattaren frå Kvinnherad, Anders Totland, vil bruka de neste åra på å forma bibelspråket.
Øystein Lid
Anders (34) vart headhunta til ny bibelomsetjing
For første gong skal Det nye testamentet gjerast tilgjengeleg i klartekst på norsk.
Ved eit kafebord i vestlandsbygda Rosendal sit Anders Totland med ei bok i handa. Det er den nyaste omsetjinga av Bibelens deuterokanoniske bøker, som for første gong kom ut på nynorsk i 2018.
– Hans-Olav Mørk i Bibelselskapet gav meg ein heil stabel med bøker å lesa på som førebuing. Dette er ei av dei, fortel Totland.
No skal han sjølv vera med på det neste bibelprosjekt frå landets fremste omsetjarmiljø. Sunnhordlandsforfattaren er nemleg ein av få handplukka menn og kvinner som i desse dagar går i gang med ei heilt ny omsetjing av Det nye testamentet.