Kari Fure
245 munkar og nonner i Noreg
Det er ikkje mange unge kristne som vel å leve i sølibat i Noreg i dag. Å avlegge livslange løfter er ein større tradisjon mellom katolikkar og ortodokse. Her til lands er det for tida 24 katolske ordenssamfunn med rundt 230 personar som har gitt løfte om sølibat og lydnad på livstid. 40 av dei er etniske nordmenn.
Tala gjeld ordensfolk med evige løfter og bispedømmeprestar, som ikkje avleggjer fattigdomsløftet.
I tillegg kjem ulike rørsler som St. Bonifatius institutt og ulike lekordnenar, der det også avleggast ein form for løfter på livstid for sølibat, lydnad og fattigdom.
Ni ortodokse