Kristin Lode står på femteplass på Rogaland Frp si stortingsliste.
Herman Wirak Saue
23 år gamle Kristin Lode (Frp) kan ha fått plass på Stortinget
Viss prognosane slår til kan den tidlegare Tryggheim-eleven ha sikra seg eit historisk mandat. – Det var veldig overraskande, eg hadde absolutt ikkje forventa det, seier Lode til Dagen.
Då førehandstemmene blei klare klokka 21 viste dei førebelse tala at den 23 år gamle Frp-aren har fått plass på Stortinget.
Ho står på femteplass på Rogaland Frp si stortingsliste.
– Ikkje ein einaste gong har Rogaland hatt eit parti som får inn fem mandat på Stortinget. Det er historisk, ikkje berre for Frp, men for Rogaland, påpeiker ho.