Minneord
    
    
        PRINSIPPFAST: Kåre Lodde merka seg ut som ein prinsippfast mann, med evne til å tenka og arbeida fleksibelt og strategisk, skriv Kjetil aano.
        Kari Fure
    
    Med Kåre Lode er ein markant personlegdom gått bort
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Søndag 14. mai mottok vi meldinga om at Kåre Lode var død. Det var ikkje uventa, Lode har lenge vore alvorleg sjuk.
Med Kåre Lode er ein markant personlegdom og tydeleg leiar gått bort. Dei fleste av sine yrkesår hadde Kåre Lode knytt til Det Norske Misjonsselskaps (NMS) arbeid. Saman med Kona Else-Karin, og etter kvart fire barn, arbeidde han i Kamerun og til dels i Mali fram til familien flytta til Norge i 1982. Deretter var han i hovudsak knytt til NMS' hovudadministrasjon i ei årrekke.
Kåre var historikar. Fagkunnskapen brukte han i arbeid med boka han skreiv om framveksten av Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (Appelé à la Libertée).