| Frispark
Ytringsfridom – berre for innvigde?
YTRINGSFRIDOM: Samfunnsordskiftet – i polerte eller meir endeframme former – må ikkje forfalle til eit virkeområde berre for innvigde, skriv Hallgrim Berg (foto).
Fredrik Kalstveit
Det er illevarslande når politikarar og redaktørar tek til å ville stramme inn på meiningsmangfaldet i aviser og sosiale media.
Ytringsfridomen er grunnlaget for eit levande demokrati. Då krevst det at flest mogleg av innbyggjarane får høve til å vera med i meiningsbrytingane. Samfunnsordskiftet – i polerte eller meir endeframme former – må ikkje forfalle til eit virkeområde berre for innvigde.
Når eg i dag ser på det såkalla kommentariatet i media, slår det meg at situasjonen liknar på eit akvarium.