| Leder
Ylvis betyr til vanleg gøy. Men dette vart berre tull.
Duoens dydsposering kling surt som ein sisteplass i Eurovision.
LEFLAR MED POLITIKK: Ylvis opptrer på Arbeidarpartiets landsmøte i fjor.
Javad Parsa / NTB
Nyleg vart det kjent at brørne Bård og Vegard Ylvisåker, betre kjende som Ylvis, trekte seg frå Eurovision. Grunnen? Dei fann det ikkje i seg å kunna dela scene med ein deltakar, ein kulturutøvar og kollega, frå verdas einaste jødiske stat.
Resonnementet finn dessverre truleg klangbotn i den sekulære moralismen, med tilhøyrande reinleiksideal, som omgir oss på så mange hald. Ut frå denne moralismen vel ein ut visse konfliktar som blir til hendige katalysatorar for personleg sosialt engasjement.
«Å dela scene med ein deltakar frå Israel» ville i eit slikt skjema ha pletta til deira artist-rulleblad. For at nordmenn framleis skal hevda seg i moralsk overlegenheit, verkar slike markeringar langt viktigare enn å finna ut korleis stoda i Midtausten faktisk er.