Kommentar
SIVILE MÅL: Mange tusen rakettar er sende frå Gaza mot Israel dei siste dagane.
Fatima Shbair/AP Photo/NTB og Bjørn Olav Hammerstad
Vi vert rådville når terror råkar. Men la oss i det minste snakka sant
Til vanleg er evna til å nyansera heilt umissande. Å sjå at saker ikkje berre har to, men stort sett mange ulike sider, er ikkje berre noko vi i media må streva for; det bør liggja til grunn for det meste av mellommenneskeleg samhandling.
Likevel: Ved nokre dramatiske punkt, er det evna til å sjå klart og evna til å kalla ting ved sitt rette namn, som er det mest avgjerande.
Nett no er vi ved eit slikt punkt. Angrepet mot Israel denne helga, har eit komplisert politisk bakteppe og eit komplekst historisk haleheng. Midtausten som geopolitisk område vekkjer engasjement hos grupper med svært ulik forståing av dei lange linjene.