| Frispark
Vi treng ikkje ei utgreiing av dødshjelp i Norge
FORSLAG: Venstres Grunde Almeland, partileiar Guri Melby og Abid Raja har fremma forslag om ei utgreiing av det dei kallar for sjølvbestemt livsavslutning i Norge.
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Debatten om dødshjelp har blussa opp på ny blant anna etter TV 2s reportasjar om kvinna som valde å avslutte livet i Sveits. Ho hadde fått diagnosen Alzheimers tidlegare i år, og ønska ikkje å risikere å bli verre av diagnosen. På Stortinget har partiet Venstre fremma forslag om ei utgreiing av det dei kallar for sjølvbestemt livsavslutning i Norge.
Det ser heldigvis ikkje ut til at det forslaget får fleirtal. I denne omgang. Men det er bekymringsfullt at debatten blir dominert av dei som ynskjer at vi skal ha dødshjelp i Noreg. Her må vi slipe våre motargument og leggje vekk inne-stemma. Det gjeld oss alle som er imot. No må vi rope ut og kjempe kampen for menneskeverdet i alle fasar av livet. Ein kamp som handlar om kva helsevesen og samfunn vi skal ha i framtida.
Vi må ta til motmæle mot individfokuset som her går så langt at ein skal sjølv få bestemme kor tid ein skal døy. Og at ein skal få dette tilrettelagt av staten. Men livet er ikkje noko staten tar, men tar vare på. Det er faktisk ei grense for kva ein sjølv skal ha regien på, og avslutning av livet er ei slik grense. Stortinget har trass alt ein nullvisjon mot sjølvmord. Stortinget bør vedta ein nullvisjon mot dødshjelp også.