Leder
FIRDA: Framleis heng banner med slagord og flagrar i vinden på Firda vidaregåande skule på Sandane.
Kari Fure
Vi snakka ikkje om mangfald, vi levde det
For meg var Firda gymnas på Sandane første steg på veg mot vaksenlivet og mi første opplæring i praktisk demokrati.
Eg var 16 år og skulle bu på hybel. For ei glede og for ein fridom! Den nye heimen min hadde skråtak og vask på gangen. At rommet var lite og mangla dusj, gjorde ingen ting. Hybelen låg berre fem minutt frå gymnaset, og det var der livet skulle levast dei neste tre åra.
Eg installerte meg med nyinnkjøpte gule koppar og måleriet som eg fekk av tante Annemor til konfirmasjonen. Så kasta eg meg ut i fritidsaktivitetane som eldre elevar hadde reklamert for.