| Debatt
Vi skal ikkje lovregulera døden
AKTIV DØDSHJELP: Det er ikkje livet som ebbar ut av seg sjølv, men at ein aktivt og planlagt avsluttar livet. Det er mord eller drap, skriv tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
Det er reist forslag i landet vårt om å innføra rett til å avslutta livet sitt. Den tenkinga som ligg til grunn for det, er eit ektefødt barn av abortlova. Det dreier seg i begge tilfell om drap, men det vert omtalt med ord og uttrykk som omskriv det heile til noko positivt. Både dødshjelp og fri abort bryt med Guds rett, altså den retten Gud har som livgjevar og oppretthaldar av livet, og med det den retten han har til å avslutta livet.
Både aktiv dødshjelp og fri abort er prinsipielt galt i utgangspunktet, og med det uavhengig av omfang og form. Samstundes viser det seg at det ein innfører i avgrensa form og ut frå bestemte kriterier, stadig utviklar seg og etter kvart vert utan grenser. Det vert fritt drap.
Som fosterdrap vert omskrive med framandordet abort, eller ved fosterreduksjon, familieplanlegging og andre uttrykk, skjer det same med drap som avslutning av livet. Det ser vi også på andre området der ein opplever det som brutalt å seia direkte kva det gjeld.